Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Kunnskapsminister Tonje Brenna tok denne veka det første spadetaket for det nye, permanente 22. juli-senteret i Regjeringskvartalet. Ein viktig del av arbeidet til senteret er å ta imot skuleklassar.\n\n– For å forstå korleis hat og ekstremisme veks, må vi snakke saman. Erfaringa mi er at ungdommar er flinkare til å snakke om dette enn mange vaksne. Eg er glad for at senteret snart vil ta imot fleire tusen elevar og andre som får lære om kva som skjedde 22. juli 2011, seier Brenna.\n\nDet nye senteret blir på to tusen kvadratmeter og over tre gonger så stort som dagens mellombelse senter.\n\nPå markeringa var også næringsminister Jan Christian Vestre, AUF-leiar Astrid Hoem og representantar frå Støttegruppen etter 22. juli og frå 22. juli-senteret.

Postet:
2023-05-04 08:32:27