Innlegg:
Mindre enn eit døgn etter at Høgre, AP og SP stemte ned mitt og FrP sitt framlegg i Stortinget om strakstiltak og prioritering av E39 Veibust-Blindheim- Moa, \n\n- så small det grundig igjen, denne gongen på Vegsundbrua, alvorleg ulykke med kjedekollisjon med fire bilar.\n\nKor gale skal det egentlig bli her på denne strekninga med over 22000 bilar på håplaus tofeltsveg, på ein av Norges farligaste vegar, før ,\n\n-Helge Orten (Høgre) Per Vidar Kjølmoen( AP) Geir Inge Lien ( SP) Jenny Klinge SP) og Åse Kristin Ask Bakke (AP) faktisk har tenkt å gjere noko i praksis på Stortinget ?\n\nKvifor har Møre og Romsdal politikarar på Stortinget, når dei stemmer imot «dødsvegen» her i fylket?\n\nSMP sin journalist på Stortinget ga også blaffen i E39 Veibust til Moa, og klarte istaden å lage enda ei overskrift og ei sak ang Møreaksen.\n\nHøgre, AP og SP gjev blaffen i E39 Veibust til Moa,,,\n\n- skal vi finne oss i dette lenger ? 😡\n\n—————-//——————-//————————\n\nHøgre, Ap , Sp stemte ned E-39 Veibust- Blindheim-til Moa!\n \n«Ufattelig svakt av Høgre, Ap og Sp å stemme ned dok 8 forslaget frå underteikna og FrP i Stortinget om snarleg prioritering av E-39 Veibust til Moa»\n \nDette er rett og slett berre greinalaust, og er eit svik overfor heile Sunnmøre!\n \nStrekninga E-39 Veibust-Blindheimstunellen- Moa er fylkets mest trafikkerte veg med over 22000 bilar i døgnet, ved pulseringa frå ferjene langt høgare. Området kan også omtalast som «dødsvegen» med dessverre fleire dødsulykker også i det siste året.\n \nEi meir handlingslamma regjering skal ein leite lenge etter, Sp og Ap vil då ikkje bygge veg. Både E39 Veibust- Blindheim til Moa samt Exportvegen E136 frå Moa til Ørskogfjellet er foreslått tatt heilt ut av NTP, ikkje berre utsatt men regelrett fjærna.\n \n«Sp og Ap har svikta folket i Møre og Romsdal totalt, og vil heller bruke 26 milliard kr på 2292 bilar i døgnet på Møreaksen til Molde som svært få vil ha»\n \nSvært skuffande var det at også Høgre stemte ned dette forslaget ilag med regjeringa, forresten ikkje uvanleg då Høgre stort sett fører den same politikken som Sp og Ap på Stortinget, dessverre.\nDet høyrer også med til historia at Høgreregjeringa i 2021 utan FrP ikkje tok med dette området på E-39 Veibust til Moa i sin NTP.\n-Så når disse partia viser til NTP behandlinga som kjem neste år, vert dette berre tomt prat.\n \nKva som gjer at desse partia ikkje ynskjer å bygge ut disse ekstremt viktige vegane veit ikkje eg, men at Høgre er i dette selskapet forstår eg ikkje eit kvidder av.\n \nHer må det være ei eller anna kortslutning,\n \n«det ser nesten ut som at dersom saker ikkje er ang Møreaksen til Molde, stemmer altså Høgre stort sett imot»\n \nEg har advart mot dette lenge, og det er no åpenbart at resten av fylket er rundlurt av Møreaksen forkjemparane, og partia her i fylket som støttar dette aldeles vanvittig pengesløseriprosjektet.\n \nSunnmøre må no reise seg opp til kamp, og sørge for at FrP blir størst mulig i kommunevalget samt i fylkestinget,\n \n«Det er kun eit sterkt FrP som kan får Høgre til å drive Høgrepolitikk igjen, slik at Sp og Ap fint og pyntleg kan geleidast ut av kommunestyrer og fylkesting»\n \n \n \nMed vennlig hilsen\n \nFrank Edvard Sve\n1 nestleder transportkomiteen\nFraksjonsleder transport\nFremskrittspartiets stortingsgruppe\nN-0026 Oslo
Postet:
2023-05-03 20:00:54