Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Samfunnsnyttig eller eigennyttig?\n\nOfte er det første også det siste, men ein er ikkje egoist av den grunn.\n\nEg har stor tru på krafta i dei små handlingane. Å plukke opp ein pose som flyg rundt i bygatene eller halde oppe ei dør for ein framand som har for mykje i hendene. Helst saman med eit smil.\n\nPlukke opp metallboksen i åkeren som kan hamne i dyrefôret. Eller sette på plass kassane i sikkerheitskontrollen.\n\nSlike små handlingar frå mange enkeltmenneske er gull verdt for samfunnet vårt. Alt fungerer betre for oss alle. Eg trur også det skapar tettare band mellom oss.\n\nDet er godt å sjå kor mange som yter slike gode gjerningar i kvardagen. At vi ofte blir glade sjølve av å gjera slikt, gjer oss ikkje til egoistar.

Postet:
2023-05-03 18:18:44

Delt innhold:
Photos from Jenny Klinge's post