Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Vekerapport frå Stortinget – veke 17\n\nHeime etter ei hektisk, men veldig kjekk, veke på Stortinget! Her er ei lynkjapp oversikt over kva som har skjedd:\n\nMåndag/tysdag:\n- Frukostmøte på Litteraturhuset i Oslo regi av Oslo Cancer Cluster, Kreftforeningen m fl om framtidas kreftbehandling: Når EU har blinka ut kamp mot kreft som eit av sine overordna, sentrale samfunnsmål (Mission) fram mot 2030 – korleis bør vi følgje opp det i Noreg? Eg deltok i panel for å diskutere saka, saman med m a stortingskollega Truls Vasvik (Ap).\n\n- Møte med adm dir Anita Tunold i Aleris - sykehus & medisinske sentre om korleis regjeringa no prøver å løyse problema i det offentlege helsevesenet med å gå til kamp mot det vesle mindretalet av private helseaktørar – i staden for å invitere til samarbeid om å få tatt unna helsekøar og løyst oppgåver saman.\n\n- Felles benkemøte for Sogn og Fjordane-benken med Maskinentreprenørenes Forbund om den nye opplæringslova og Opplæringskontora si rolle\n\n- Foredrag i regi av Frogner Venstre om ChatGPT og boklanserings-prat med Inga Strumke på Litteraturhuset i regi av Tankesmien Agenda om Kunstig Intelligens (AI). \n\nOnsdag:\n- Besøk på Stortinget av Nordfjordakademiet – møte med Sogn og Fjordane-benken, omvising og hyggeleg prat\n\n- Spørsmål i spørjetimen til Kunnskapsminister Tonje Brenna om korleis vi kan sikre Opplæringskontora si rolle for å rekruttere og følgje opp lærlingar – ei sak som har skapt stort engasjement over heile landet fordi Opplæringskontora var «sett på sidelinja» i forslaget frå regjeringa til ny Opplæringslov. Dette ser no heldigvis ut til å løyse seg i Stortinget si behandling av saka (..med statsråd Brenna si velsigning..) – og ein offensiv og opplagt Kunnskapsminister ga eit godt svar der ho spesielt trekte fram at dei tverrfaglege, breie regionale opplæringskontora a la Nordfjord Opplæringskontor vil bli endå viktigare i framtida\n\n- Designindustrikonferansen i regi av Norsk Industri på Nasjonalmuseet: Eg deltok i diskusjonspanel om korleis vi kan få til auka verdiskaping og eksport frå vår fantastiske norske designindustri, saman med bedrifter som Røros Tweed og Figgjo Norway, kyndig leia av Arne Hjeltnes. Og så banka Nordfjord-hjartet litt ekstra hardt av å sjå å høyre Innvik As presentere seg og si stolte historie.\n\n- Demonstrasjon på Eidsvolds plass i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening – om dei dramatiske kutta frå regjeringa til frivillige organisasjonar som hjelper pårørande til psykisk sjuke og rusavhengige over heile landet. Venstre-leiar Guri Melby heldt apell frå oss i Venstre til frammøtte sanitetskvinner og andre organisasjonar som er råka av kutta. Dette MÅ vi klare å snu!\n\nTorsdag:\n- Besøk på Stortinget av ungdomsbedrifter frå Vestland som er i byen for å delta i NM for Ungdomsbedrifter\n\n- Innlegg i interpellasjonsdebatt i Stortinget om arbeidskraft-behov i framtidas helsevesen og korleis vi kan kome i gang med nødvendige endringar i arbeids- og oppgåvedeling, digitalisering med vidare\n\n- Tur til Bergen for å delta i debattmøte om gruvedumping i Førdefjorden, i regi av Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Kampen for rein Førdefjord held fram – mellom anna med eit søksmål som kjem opp i Oslo Tingrett til hausten. Flott møte for ein stappfull sal på biblioteket i Bergen. \n\n- Rakk også innom Bergen Venstre sitt gruppemøte – med topp stemning etter at vår knall-dyktige byråd Ingrid Fjeldstad ser ut til å lose bybane-saka i mål, og nye meiningsmålingar denne veka syner rekord-nivå for Venstre i Bergen.\n\nFredag:\n- NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i regi av Ungt Entreprenørskap Norge – ein heilt fantastisk kjekk dag der 400 ungdommar frå heile landet var samla, og eg hadde gleden av å få vere i jury og gå rundt og besøke og intervjue mange av bedriftene. Det var til inspirasjon og til å få framtidstru av, rett og slett! Nærare info og foto kjem i eigen post.\n\n--\nJa, og så har vi fått løyst ei e-sport-knipe i Florø (eg stilte spørsmål til Kulturministeren som fekk fart på saka – og ho rydda opp supereffektivt), og mykje anna innimellom eg ikkje har nemnt her. Men no er det helg – senk skuldrane og finn roen!

Postet:
2023-04-29 18:42:02

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post