Person / Aktør:
Kulturdepartementet

Innlegg:
🎺🎨 STYRKER KULTURLIV OVER HEILE LANDET 🥁🎭: \n\n– Tenk på alle som speler i korps, syng i kor, alle som samlast i historielag, i vevstover eller amatørteater i landet vårt, kvar einaste dag! Tenk kor mykje dette gir i livet til kvar enkelt, og kor viktig det frivillige kulturlivet er for å skape samhald og liv i lokalsamfunna våre. Det er på høg tid å løfte fram kulturfrivilligheita som eiget politikkområde, og styrke dette viktige feltet. \n\nDet seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Ho er glad for å kunne fortelje at regjeringa no er klar med historias fyrste strategi for det frivillige kulturlivet. 🎷🎻🧶\n\n-Mellom anna ser vi at mange manglar tilgang på eigna lokale. Nokre korps speler i gymsalar der golva knirkar så musikken overdøyvast. Det held ikkje. Vi vil styrke ordningane for kulturrom- og -bygg, seier Trettebergstuen. \n\n👉 Du finn strategien på regjeringen.no! \n\nKulturalliansen Norsk musikkråd Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) Kommunenes sentralforbund KS Frivillighet Norge Voksenopplæringsforbundet (Vofo) Norges kulturvernforbund

Postet:
2023-04-27 09:48:07

Delt innhold:
Photos from Kultur- og likestillingsdepartementet - Norge's post