Innlegg:
Fylkestinget i Møre og Romsdal har endeleg sett foten ned for ukulturen i fylkesadministrasjonen.\n\nFrP og underteikna er einaste partiet som har stilt mistillit mot dette systemet og dette har vi gjort ved fleire anledninger i mange år,\n\n- dei andre partia har dilta etter Gyttelvik og co, og det har vore vi mot røkla!\n\nEg har motatt hoderysting frå SP og Høgre når misstillitsforslag vart fremma, men no er det anna låt i pipa derifrå. \nAP er stille også no, ikkje uvanleg for dette «administrasjonspartiet».\n\nFylkesadministrasjonen har sett på fylkestinget og politikarane berre som eit heft, og ikkje brydd seg om roller og kven som faktisk styrer i offentleg forvaltning.\n\n«Rådmannsvelde» er eit uttrykk, som saktens kan brukast i Møre og Romsdal fylkeskommune.\n\nSkandalen i fylkeskommunen i Møre og Romsdal og saka som er avdekka er alvorleg men ikkje unik.\n\nEg har i mange år meint at det har vore ein,\n\n«stat i staten» \n\nog at fylkesrådmannen og sIne toppledere har drevet fylket som «si eiga pølsebod» og har fått lov til å gjere dette av dei raud/grøne + Høgre i fylket.\n\nNo har millionane flagra mellom tilsette i fylket heilt utan politiske vedtak. Dei ansvarlige blir no kasta ut av forhåpentligvis alle verv, og fylkestinget ryddar endeleg opp, \n\n- ikkje ein dag for tidlig!\n\n«Vi skal ikkje ha fylkeskommunale tilsette i styreverv og selskap, dette er uryddig og fører berre til kaos»\n\nI sak etter sak opplever vi ein fylkesadministrasjon som har motarbeidd politikarane, slik som i Nordøyvegsaka.\n\nSjølv no opplever vi at til dømes kutt av bompengar blir framstilt å koste 105 mill kr, samtidig som realitetane i saka ikkje kjem fram, store inntekter blir utelatt, og ein forsøker å sverte, ikkje bygge tillit.\n\nDette har vore og er tydeligvis fortsatt praksis i Fylkesadm, og fylkestinget er nok ikkje ferdig med si opprydding.\n\nI bompengesaka ang Nordøyvegen opplevde vi plutseleg at fungerande fylkesrådmann var styremedlem i Vegamot. \nDei største motstandarane av Nordøyvegen var brått altså på «andre sida av bordet» i bompengeselskapet fylkeskommunen skulle forhandle med. Ikkje rart den same fylkesrådmannen ga blaffen i det samrøystes fylkestingsvedtaket frå desember 2021.\n\nBerre surr i roller, der altså Fylkesadm sat på alle sidene av saka. At dei har fått lov å holde på slik er rett og slett vanvittig.\n\nFylkeskommunen lever «i sus og i dus» og er eit vanvittig unødvendig forvaltningsnivå.\n\nSiste fire åra har fylket gått 968,5 million kr i overskot, og skulle ifølge fylkesrådmann Gyttelvik ha ein status på «minus 460 mill kr» i 2023.\n\n- bomma med altså godt og vel 1428,5 million kr.\n\nRett og slett berre ein fantastisk prestasjon😡\n\nVidaregåande skule, ferjedrift, bussdriften osv er brutalt kutta, medan fylket og Fylkesadm vasser i pengar, esar ut og brukar heller millionar av kr på reinspikka tøv, slik som saka ikring R8Me\n\nBruken av skattebetalarane sine pengar, vanvittig sløseri, i dette tilfellet 8,5 mill kr på berre fjas, tull og tøys, viser at fylkeskommunen si tid nok er forbi.\n\nFrP og eg har hatt rett heile tida, \n\n-det må ryddast opp på fylkeshuset, demokrati må innførast igjen og grundig skulering i roller og ansvar må gjennomførast.
Postet:
2023-04-27 10:16:28
Delt innhold:
(+) Fullstendig manglande rolleforståing og forsøk på hemmeleghald
Ryddehjelpa har reist heim. Møre og Romsdal fylkesting har tatt grep om feiekosten sjølv for å rydde opp i R8Me-kaoset. Her er det nok av mørke krokar å feie i.