Person / Aktør:
Olje- og energidepartementet (Norge)
Olje- og energidepartementet (Norge)

Innlegg:
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fått i oppdrag frå Olje- og energidepartementet å identifisere nye område for fornybar energiproduksjon til havs. Tysdag 25. april presenterer NVE arbeidet sitt for olje- og energiministeren på eit pressemøte i Oslo.\n\nOppdraget med å identifisere nye område for havvind er gjennomført av NVE i samråd med fleire andre direktorat. Fleire av desse kjem til å vere til stades på pressemøtet og vil vere tilgjengelege for intervju. Det er Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, Kystverket, Oljedirektoratet, Petroleumstilsynet og Forsvarsbygg.\n\nPressemøtet kan også sjåast her: https://www.regjeringen.no/no/id2972104/

Postet:
2023-04-25 15:28:17

Delt innhold:
Pressemøte om nye område for fornybar energiproduksjon til havs