Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Kunstig intelligens (AI) er den største teknologirevolusjonen i vår tid. EU er "på ballen" for å utforme felles reguleringar og sette politiske rammer for ei utvikling som ellers fort vil bli styrt av internasjonale tech-gigantar . Denne veka blir Artificial Intelligende Act (AI Act) godkjent-stempla av fagkomiteen i EU-parlamentet, og alt er dermed klart for at den historiske og svært viktige lovpakken "AI Act" blir vedtatt i EU i løpet av 2023.\n\nMen kva med Noreg? Følger vi på? Vil vår eigenrådige "klare sjølv"-regjering med ein djupt EU-skeptisk Sp-statsråd ved roret i digitaliseringspolitikken sørge for at Noreg implementerer AI Act samtidig i norsk lov som EU - og heng vi med i svingane på det som no skjer i Brussel på AI-fronten?\n\nDet har eg spurt Regjeringa om i dag på vegne av Venstre. Svaret kjem til Stortinget innan 8 dagar.

Postet:
2023-04-24 10:42:10

Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren
Utviklinga innan kunstig intelligens (Artificial Intelligence – A.I.) er truleg den største teknologirevolusjonen i vår tid. EU arbeider no med eit felles rammeverk for regulering av kunstig intelligens, AI Act. AI Act vil bli komite-handsama i EU-parlamentet denne veka, med sikte på plenumshan...