Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Torsdag besøkte eg, saman med Bodø Venstre sin ordførarkandidat Ida Gudding Johnsen, N.K.S Veiledningssenter for pårørende i Nord Norge i Bodø. Dette heilt eineståande tilbodet for pårørande til psykisk sjuke og rusmisbrukarar, i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, er no trua av kutt og nedlegging på grunn av regjeringa sitt uforståelege kutt i støtta til Sanitetskvinnene og mange andre frivillige organisasjonar innan rus og psykiatri.\n\nBesøket gjorde meg tryggare enn nokonsinne på at Venstre og alle andre gode krefter no må gjere alt som står i vår makt for å slå ring om Sanitetskvinnene sine Veiledningssenter landet rundt. Tilbodet dei gir er ikkje minst viktig i ein spreiddbygd landsdel som Nord-Noreg, der det rett og slett ikkje finst noko offentleg alternativ til den enorme innsatsen Sanitetskvinnene og deira flinke tilsette gjev. Ida og eg fekk høyre utruleg sterke historier om kva det å støtte pårørande innanfor rus/psykiatri handlar om – og korleis ingen «chatte-tenester» kan erstatte menneskeleg kontakt, samtaler ansikt til ansikt og eit tilbod nær folk.\n\nEg forstår av mi beste vilje ikkje kva Helseminister Ingrid Kjerkhol og regjeringa driv med når dei no riv grunnen under dette tilbodet, som Sanitetskvinnene har bygd opp stein for stein gjennom snart 40 år. Onsdag 26. april mobiliserer Sanitetskvinnene framfor Stortinget. Då blir vi mange som møter opp og syner vår solidaritet og kampvilje!

Postet:
2023-04-23 20:41:52

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post