Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
No hastar det med eit politisk taktskifte for gründerar, oppstarts- og vekstbedrifter - og vi i Venstre er spenn klare til å føre an!\n\nI går samla «Startup-Oslo» seg til felles rådslag på Mesh i Møllergata om ein slagplan for å få politisk gjennomslag for viktige grunder-saker. Ikkje minst sett i lys av dei dramatiske nye skatteskjerpelsane frå Ap/Sp-regjeringa som rammar midt i solar plexus på dei nye bedriftene vi skal leve av i framtida. \n\nOm det bør lagast endå ei ny forening eller organiserast på andre måtar skal ikkje eg legge meg opp i – men hovedpoenget er uansett rett: Grunder-Norge bør bli betre koordinert, få større politisk slagkraft, og få sine saker langt høgare opp på ein dagsorden der alt for mykje blir avgjort på dei lukka bakromma til Ap, LO og SV.\n\nEtterpå var det fullt hus på oppstartsmøte i Oslo Venstre sitt Grundernettverk, med eit strålande panel som førte an i å fortelle om kvardagen ute i grunder-bedriftene: Anine Dedekam Moldskred i Fikse, Donna Kastrati i Hun Etablerer, Siw Andersen i Oslo Business Region og Erik Waatland i mediekonsernet Tjuefire (og leiar av det nye grunder-nettverket). \n\nVenstre-sjef Guri Melby var også på plass, og var knalltydelig på at Venstre ikkje berre skal lytte, men også handle: No må nok vere nok frå dagens regjering: Vi skal ta kampen for dei som akkurat no jobbar døgnet rundt med å skape bedriftene Norge skal leve av i framtida!

Postet:
2023-04-21 16:00:22

Delt innhold:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre-এর পোস্ট করা ফটো