Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Landbruket gir oss mat, og utan bøndene stoppar dette opp. Årets jordbruksoppgjer er snart i gang, og eg og min gode kollega Per Olav Tyldum reiste saman saman på tur i Sør-Trøndelag i går.\n\nDet er ingen tvil om at veldig mange bønder yter ein innsats som overgår det dei fleste av oss kan førestille oss, og som dei langt ifrå får betalt nok for. \n\nJobben med å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet må halde fram for å sikre nasjonal matproduksjon og matberedskapen vår.\n\nTakk til alle som brukte tid på å møte oss og gi oss nyttige innspel, inkludert dei frå Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, produsentlag og Sparebank1. \n\nVi møtte mange(!) engasjerte bønder. Det siste besøket, i Lensvika i Orkland kommune delte eg ein eigen post frå tidlegare i dag. Bileta under er frå besøket hos Yngve Røøyen og Maren Hoston i Rindal. Der hadde lamminga nyleg kome i gang.

Postet:
2023-04-21 14:09:49

Delt innhold:
Photos from Jenny Klinge's post