Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Ein gjevande dag i Sogndal med samferdsle på Vestlandet som tema: Fjordvegen Rute 13 sin årskonferanse. Problemstillinga dei reiste er heilt på sin plass: Korleis rydde meir plass statsbudsjettet til å bygge ut «trygge kvardagsvegar» som gjer det mogleg å bu og drive næring over heile landet – rassikring, gul midtstripe og utbetring av flaskehalsar. Alle som kjenner Hardanger eller Indre Sogn - og for så vidt mange andre stader i distrikts-Noreg - skjønar kva dette handlar om. \n\nGodt fagleg påfyll og trivelege folk – eg deltok i debattpanel saman med Sofie Marhaug (Rødt), Ingrid Fiskaa (SV), Olve Grotle (Høgre), NIls T. Bjørke (Sp) og Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdsledepartementet. \n\nFint å starte veka vest om fjellet før det går i 100 på Stortinget og i hovudstaden dei nestge dagane!

Postet:
2023-04-17 21:29:03

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post