Person / Aktør:
Kulturdepartementet

Innlegg:
💪 REKORDSTOR INNSATS MOT SPELEPROBLEM💪\n🗣️ - Speleproblem rammar ikkje berre den som speler, men det kan også ha store negative konsekvensar for familie og vennar. Det er eit samfunnsproblem som regjeringa tek på djupaste alvor, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen \n\nI år blir det sett av heile 33 millionar kroner til tiltak i handlingsplanen mot speleproblem, det er 8 millionar meir enn i fjor. Pengane går mellom anna til frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd, slik at desse kan drifte hjelpetilbod, drive førebygging og spreie informasjon.\n\nLes mer her:

Postet:
2023-04-18 14:50:51

Delt innhold:
Rekordstor innsats mot speleproblem
– Speleproblem rammar ikkje berre den som speler, men det kan også ha store negative konsekvensar for familie og vennar. Det er eit samfunnsproblem som regjeringa tek på djupaste alvor. Derfor trappar vi opp arbeidet mot speleproblem gjennom ein rekord...