Innlegg:
Eg fekk ei spennande og nyttig avslutning på arbeidsveka saman med Alf Yttervik-Adolfsen og Bengt Eriksson frå Kristiansund Senterparti i nordmørsbyen på fredag. \n\nVi besøkte først Safe Path, Norges største uavhengige havovervakings- og beredskapssentral. Dei har private kundar, men vi diskuterte korleis dei også kan bistå det offentlege med informasjon både til å førebygge og avhjelpe alvorlege hendingar til havs.\n\nVi besøkte så Abyss Gruppen, som opererer ei av landets største flåter av arbeidsbåtar, ROV, dykkar- og servicefartøy, samt møtte Ocein på same stad. Dei har utvikla en revolusjonarende notvaskar, som reingjer skånsamt og effektivt.\n\nTil slutt besøkte vi arbeidsinkluderingsbedrifta Varde, som står på for at personar utanfor arbeidslivet skal koma i arbeid, eller skal halde seg i arbeid.
Postet:
2023-04-16 11:33:55