Innlegg:
«Dersom det nokon gong vert mulig å finansiere ei fjordkryssing over Romsdalsfjorden etter at dei viktige prosjekta slik som E-136, E39 Veibust-Blindheim-Moa osv er ferdige, er Romsdalsaksen einaste realistiske alternativet.»\n\n- kva meiner du?\n\n——————-//————————//——————-\n\n• Romsdalsaksen sin tur!\n\n« Når endeleg Møreaksen har spelt seg sjølv utover sidelinja og er skubba 8-12 år ut i tid, forstår alle at dette prosjektet er ganglaust»\n\nNo er tidspunktet for å starte vidare arbeid med framtidig planlegging av Romsdalsaksen.\n\nMøreaksen blir no sjølvsagt skrinlagt, dette vart egentlig klart då Statens vegvesen konkluderte med å splitte opp prosjektet i to byggesteg.\n\nNår Statens vegvesen no fabler om del 1 med kun fjordkryssinga og veg frå Julsundet og forbi Molde, med bompengekostnad på 490kr tur/retur vart dette siste krampetrekning for Møreaksen.\n\n- med ca 26 milliard kr for del 1 på Moldesida med Norgesrekord i minus kost nytte, har nok Statens vegvesen omsider innsett galskapen.\n\n«Dersom det har eksistert ein Sunnmøring som støtta Møreaksen, forsvann den støtta raskt og brutalt i det øyeblikket Statens vegvesen foreslo E39/E136 Ålesund- Vestnes teken heilt ut av NTP»\n\nNo må Møre og Romsdal ha full fokus på å få planlagg, prosjektert og finansiert realistiske prosjekt i åra framover.\n\nE-136 heile strekninga Ålesund til Bjorli bør førast over til Nye veier as, Statens vegvesen har misbruk sin tillit til å gjennomføre noko som helst av vegprosjekt her i fylket.\n\nE-39 Veibust- Blindheim- Moa er ein av landets «dødsvegar» og har mellom 20-30000 bilar i døgnet, dette prosjektet MÅ prioriterast raskt\n\nLikeså RV15 Strynefjellet, E-39 Batnfjorden, RV70, Voldatunellen, Langfjordkryssinga osv.\n\nI tida desse prosjekta vert planlagt og prosjektert vil vi ha svært god tida til å planlegge best mulig prosjektplan for Romsdalsaksen som ein gong i framtida kan realiserast.\n\nDersom det nokon gong vert mulig å finansiere ei fjordkryssing over Romsdalsfjorden etter at dei viktige prosjekta slik som E-136 osv er ferdige, er Romsdalsaksen einaste realistiske alternativet.\n\nEg trur at Langfjordkryssinga over Åfarnes-Sølsnes på FV 64 pressar seg fram. Dette er den egentlige exportvegen til Moldeområdet og Nordmøre inn og ut av fylket.\n\nDette prosjektet er eit rimeleg kurant prosjekt med flytebru og kan også i framtida koblas ihop med Romsdalsaksen.\n\n«Uansett, Langfjordkryssinga får no ein ny renessanse når Møreaksen er historie, dette sambandet ilag med E-136 Ålesund-Bjorli, er fylket sine viktigaste exportvegar»\n\nDerfor må tilhengarar og initiativtakarane for Romsdalsaksen berre arbeide på vidare.\n\n- Sunn fornuft sigrar alltid !\n\nMvh\nFrank Sve\n1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen\nStortingsrepresentant\nfor FrP
Postet:
2023-04-16 07:28:55