Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Fin fyrste dag på jobb etter påske: Dobbelt-time med 38 tredjeklasse-elevar på Eid vidaregåande skule i faga Politikk&Menneskerettar og Sosialkunnskap om «livet på Stortinget»: Kva driv vi med der inne, kvifor engasjere seg i politikk, kva er dei store sakene i vår tid etc. Sendte til og med inn eit skriftleg spørsmål til regjeringa om plast i havet «på direkten» i timen - som no ligg ute på Stortinget si nettside! \n\nSuperkjekk og aktiv gjeng – skulle gjerne hatt meir tid til å diskutere og høyre, for halvannan time gjekk unna som ein røyk.\n\nTakk til lærarane Cecilie Bjørlo og Liv-Olene Lode som inviterte meg inn – og er bittelitt misunnelig på denne gjengen som no har nokre fantastiske veker med russetid føre seg.. Nyt livet – og tenk bittelitt på eksamen innimellom 😊

Postet:
2023-04-11 16:23:23

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post