Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet

Parti: SP

Innlegg:
Aldri meir 9. april 1940. Alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og menneskerettar, slår FN fast.\n\nDesse steinane i Skånevik går eg ofte forbi, og dei minner meg tydeleg på at me aldri må akseptera noko anna enn at me alle har same verdi. \n\nHeima snakkar me ofte om familien Rabinowitz og Reichwald. Oldemor kom teitt på dei då dei budde i Skånevik, og historia deira har satt djupe spor i familien min. Eg trur veldig mange av spesielt dei eldste i Skånevik kan fortelja historiar om dei. Sjølv om det har gått 80 år, er dei framleis med oss.

Postet:
2023-04-09 15:51:22

Delt innhold: