Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
«Forstår bekymringa?»\n\nNei, det er akkurat det Davik og Statens vegvesen overhode ikkje har evne til å forstå når dei tar ut fylkets og regionens «dødsveg» fylkets farligaste og mest trafikkerte veg E-39/136 frå Blindheim- Ørskogfjellet heilt ut av NTP, \n\n- ikkje berre utsetter dette, men fjerner dette heilt😡\n\nDette framlegget fra Statens vegvesen og Davik, må være rekord i «kompetanselaust og tendensiøst forslag» frå nokon som helst statleg etat.\n\nNo er det heldigvis ikkje Statens vegvesen som har skulda for dette aleine, då grunnlaget ikring desse prioriteringane sjølvsagt er lagt til grunn frå departement og Samferdselsministeren og SP og AP regjeringa.\n\nMen, her har vi med ein statsetat som er «stokk døv og blind» for omverda ikring seg, bryr seg ikkje verken om dei faktiske forhold innan samferdsel her i fylket, eller behovet verken frå næringslivet eller meiningane til folket i fylket.\n\nAt Davik seier at han forstår «bekymringa» ang at dei har teke ut E-39 frå Blindheim til Ørskogfjellet er reinspikka tøv, \n\n- det er då akkurat det Davik og Statens vegvesen beviser at dei overhode ikkje forstår!\n\nSansynlegvis er dette noko av det verste eg har sett etter mine mange tiår i politikken, ikkje berre blir E-39 Blindheim til Ørskogfjellet utsatt, men foreslått tatt heilt ut av NTP, og her kunne det vore svært interresant å vore i debatt med Davik og Statens vegvesen ang kva «faglig grunnlag» eller kva «næringspolitisk grunnlag» dette er tufta på.\n\nAt det har gått prestisje i Møreaksen for Davik og co har vi forstått, men at ein sluttar å handle rasjonelt av den grunn kan ingen i dette fylket akseptere.\n\nE-39 Blindheim - Ørskogfjellet samt E-136 Ålesund til Bjorli, er sjølve livsnerven til Møre og Romsdal, og når den mest trafikkerte delen av dette gjennom Brusdalen blir tatt heilt ut av NTP mister både eg og resten av eit stort fleirtal innan både næringslivet og vanlige folk, -mistar fullstendig respekten for Statens vegvesen.\n\nSå høyrer det til historien at Møreaksen er milevis utanfor posisjon til å kunne bli sett igang i dei fyrste 6 åra i NTP og heller ikkje i siste delen jamf dei økonomiske grunnlag som regjeringa har lagt til grunn før STVV la fram sin plan samt innholdet i planen til STVV.\n\nDette betyr i praksis at einaste vegprosjekt som kan bli realisert i dei nærmaste 10 åra her i fylket, er om Nye Veier as bygg ut E-136 Romsdalen.\n\n- er det nokon som lurer på kvifor eg og FrP ynskjer at Nye Veier as skal bygge ut heile strekninga Ålesund- Bjorli?

Postet:
2023-04-05 08:23:40

Delt innhold:
(+) Vegvesenet «forstår bekymringen» – men foreslår å utsette E136 Brusdalen til etter 2036
– Dette er vårt innspill på hva vi mener bør tas først, sier utbyggingsdirektøren i Vegvesenet.