Innlegg:
Nye kosthaldsråd skal legge vekt på klima og berekraft. Mykje mindre kjøtt er foreløpig svaret. \n\nProblemet er at eit norsk berekraftig kosthald må innehalde både kjøtt, mjølk, egg og fisk.\n\nVi får ikkje nok matproduksjon dersom vi kuttar drastisk ned på husdyrhaldet. \n\nEg mener det er viktig både å tenkje på klimaet på kloden og å ta omsyn til det kalde klimaet i Norge.\n\nKalde Norge har mykje grasmark. Kua, sauen og geita har i generasjonar gitt oss mat gjennom å eta gras og beite i utmark. \n\nVi kan ikke la matjord og beitemark gro att medan vi importerer meir og meir. Det er ikkje berekraftig for det norske folk på sikt.\n\nNyt norsk mat med godt samvit og vit at det norske landbruket tek klima på alvor. Både klodens klima og det norske.\n\n(PS! Eg skal på Dagsnytt 18 om dette temaet i kveld, truleg ca 18.35.)
Postet:
2023-04-04 13:43:48
Delt innhold:
Klinge angriper nye kostråd: Truer norsk matberedskap
En nordisk ekspertgruppe mener vi bør spise mye mindre rødt kjøtt. – Rett og slett skummelt, mener Senterpartiets Jenny Klinge.