Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Korleis helsa vår blir gjennom livet, er avhengig av mange ting.\n\nDet har noko å seie kor vi veks opp, kva utdanning vi tek, kva inntekt foreldra våre og vi sjølve har.\n\nTobakksbruk og usunt kosthald er blant dei viktigaste årsakene til sjukdom og tidleg død, og er ein viktig årsak til sosiale helseforskjellar i Noreg.\n \nI dag har regjeringa lagt fram folkehelsemeldinga. Dette er regjeringa sin plan for korleis dei skal arbeide med folkehelse framover. Der står det blant anna at:\n \n➡ Regjeringa har ein visjon om ein tobakksfri generasjon, og ønsker å legge til rette for at barn født 2010 og seinare blir gitt høve til dette.\n \n➡ Regjeringa vil innføre røykeforbod i private bilar kor barn er passasjer, på utandørs leikeplassar, idrettsområde og haldeplassar, samt fellesareal i leilegheitskompleks. \n \n➡ Regjeringa vil innføre forbod mot nettsal av tobakksvarer og e-sigarettar for å hindre sal til mindreårige og få betre kontroll på kva produkt som blir innført frå utlandet. \n \n➡ Regjeringa innfører også standardiserte innpakkingar og forbod mot smakstilsettingar for e-sigarettar.\n \nVi vil ta grep for at fleire får høve til å leve lange, gode liv med god helse, uansett bakgrunn og inntekt, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n \nLes meir i lenke i bio.\n \n📷Mostphotos.com

Postet:
2023-03-31 14:55:29