Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Tobakksbruk og usunt kosthald er blant dei viktigaste årsakene til sjukdom og tidleg død, og er ein viktig årsak til sosiale helseforskjellar i Noreg. \n\nI dag har regjeringa lagt fram folkehelsemeldinga. Dette er regjeringa sin plan for korleis dei skal arbeide med folkehelse framover. Der står dei blant anna at: \n\n➡ Regjeringa har ein visjon om ein tobakksfri generasjon, og ønsker å legge til rette for at barn født 2010 og seinare blir gitt høve til dette. \n\n➡ Regjeringa vil innføre forbod mot nettsal av tobakksvarer og e-sigarettar for å hindre sal til mindreårige og få betre kontroll på kva produkt som blir innført frå utlandet. \n\n➡ Regjeringa innfører også standardiserte innpakkingar og forbod mot smakstilsettingar for e-sigarettar. \n\n- Vi vil ta grep for at fleire får høve til å leve lange, gode liv med god helse, uansett bakgrunn og inntekt, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n\nhttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ei-folkehelsemelding-som-utjamnar-sosiale-helseforskjellar/id2968850/\n\n📷Mostphotos.com

Postet:
2023-03-31 12:43:41

Delt innhold: