Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Eg la meg ned på sofaen og grein ein helgedag for snart to år sidan. Slik sjølvmedlidande grining.\n\nDet var den dagen eg bestemte meg for å slutte å farge håret.\n\nEg såg plutseleg med gru på å vera den grå musa i ulike forsamlingar der stort sett alle andre damer uansett alder kom til å ha farga hår.\n\nMen eg ombestemte meg ikkje. No er eg veldig glad for at eg torte å bli naturleg gråare og gråare.\n\nBileta er frå landsmøtet vårt forrige helg, delvis med overlys som får fram gråhåra godt. Eg tykkjer det er kjekt! Det er ikkje på nokon måte skummelt lenger.\n\nEg forstår godt dei som fargar håret, eg har jo gjort det sjølv også i fem år. Men evig ung kan ingen vera. \n\nEller jo, evig ung til sinns kan vi gjerne vera, uavhengig av hårfarge:)\n#naturlegaldring #gråtthår #modning

Emneknagger:

Postet:
2023-03-28 19:22:01