Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Noreg treng 65.000 nye «grøne fagfolk» i løpet av sju år – kvar skal dei kome frå?\n\nLitt sett på spissen var det temaet på dagens frukostmøte i regi av LO og Næringslivets Hovedorganisasjon, der eg deltok i politikarpanel for Venstre saman med kollegaer frå Ap, Høgre, Sp og SV.\n\nEitt av svara gir seg sjølv: Vi er nødt å satse meir på yrkesfag på alle nivå – frå ungdomsskule opp til høgare yrkesfagleg utdanning. Vi må få slutt på gamle fordommar i foreldregenerasjonen om at yrkesfag ikkje er like «bra» som å velje akademisk utdanning, fleire unge må få tidleg erfaring med å jobbe i praktiske yrke – og vi må få til fleksible modellar for etter- og vidareutdanning i næringslivet over heile landet. \n\nPå alle desse områda skjer det for tida mykje spennande og bra i Vestland fylkeskommune generelt og Nordfjord spesielt. Eg nytta mellom anna høvet til å trekke fram nybrottsarbeidet som blir gjort i Nordfjord Opplæringskontor og Inviro.\n\nOg så er det ein “elefant i rommet” som kom tydeleg fram i rapporten Oslo Economics la fram i dag: Dersom vi får til ei grøn opptrapping fram mot 2030-35 parallelt med ei ca tilsvarande nedtrapping av ny petroleumsaktivitet - då klarer vi dette fint. Men dersom vi skal gi full ”svart gass” samtidig som vi skal raskt trappe opp det nye grøne - då har vi rett og slett ikkje nok folk..\n\nDette vil verken Høgre eller Ap snakke om - og helst ikkje LO og NHO heller.. Men vi må våge å løfte dette temaet - og heldigvis var både Miljøstiftelsen ZERO v/ Sigrun Aasland og Naturvernforbundet v/ Truls Gulowsen med på å gjere det på dagens møte saman med Venstre.\n\nUansett: Flott arrangement av LO og NHO om eit særs viktig tema!

Postet:
2023-03-24 16:11:16

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post