Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Venstre heiar på Merete – og alle ho snakkar på vegne av!\n\nI går publiserte Dagens Næringsliv eit innlegg av gründer og småbedriftseigar Merete Nygaard, der ho blåste ut mot korleis ho opplever å ha brukt all si tid i mange år på å prøve å skape verdiar og arbeidsplassar – og no først blir dynga ned av nye skattar som held på å knekke bedrifta, og så skjelt ut av LO og SV for å vere en av «de rike» som må takast endå hardare.\n\nInnlegget traff ein nerve hos veldig mange, landet rundt. I dag inviterte Guri Melby og eg henne til Stortinget på besøk.\n\nFor vi i Venstre meiner Merete har heilt rett. Bedrifta til Merete har skapt 15 arbeidsplassar og betalt millionar i arbeidsgiveravgift og lønsskatt, men er framleis ikkje «over kneika» - slik det ofte er med oppstartsbedrifter. Heile bufferen hennar går no til å betale ein stadig høgare formuesskatt på ein kunstig fastsett verdi på eit selskap som ikkje går i pluss, og kor aksjane heller ikkje kan realiserast – og der ho kanskje snart må setje huset i pant om ikkje bedrifta skal gå over ende.\n\nOg så opplever ho attpåtil å bli hengt ut som ein av «de rike» - dei som skal straffast endå hardare, og berre kan «ryke og reise».\n\nFor det er ikkje først og fremst Stein Erik Hagen og Røkke dette handlar om. Det handlar om dei titusenvis av små bedriftseigarane landet rundt som aldri kjem til å flagge ut til Sveits – men som rett og slett berre gir seg og legg ned dersom dei ikkje snart blir tatt på alvor.\n\nDei som skal skape framtida – dersom dei overlever notida.\n\nSå tusen takk til Merete for praten i dag. Saman skal vi ta kampen for framtida!

Postet:
2023-03-22 18:09:41

Delt innhold: