Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Det er viktig med nok norsk mat også når importen stoppar opp.\n\nDei komande nordiske kosthaldsråda vil truleg ikkje ta omsyn til norsk sjølvforsyning når klima no skal inn som eit aspekt. \n\nGruppa som jobbar med råda kan oppsiktsvekkande lite om norsk matproduksjon.\n \nLikevel skal råda legge føringar på dei nasjonale råda.\n\nResultatet av nye råd kan bli at vi kuttar ut mykje kjøtt og mjølk frå kosthaldet vårt. \n\nDå vil matjord og beitemark gro att i stor stil og vi blir avhengige av mykje meir import.\n\nVi var fleire i Senterpartiet som i dag møtte Martin Inderhaug frå Animalia og Ida Berg Hauge frå melk.no. \n \nDet er på sin plass med ein kritisk inngang til det arbeidet som går føre seg om kosthaldsråda. \n\nGod kunnskap om norske forhold er nødvendig hos dei som skal gi oss råd om kva vi skal eta her.\n \nBerekraft handlar nemleg også om evne til å fø eiga befolkning.\n\n#landbruk #norgetrengerbonden #mat #senterpartiet #matberedskap

Emneknagger:

Postet:
2023-03-21 19:34:33