Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
I dag utfordra eg Statsministeren i Stortinget på om regjeringa vil samarbeide med Venstre om eit breitt skatteforlik som kan få slutt på opprøret som no breier seg blant små og store bedrifter landet rundt, med i all fall tre viktige årsaker:\n\n1. Skattetrykket for norskeigde, ofte lokalt eigde, bedrifter har auka dramatisk dei siste to åra - slik at det no lønner seg for ei bedrift å ha utanlandske eigarar framfor norske.\n\n2. Skattepolitikken har blitt heilt uføreseieleg, med midlertidige "sjokkskattar" innført over natta utan at regjeringa kan svare på når dei skal vekk igjen - og skattar med tilbakeverkande kraft.\n\n3. Ein fiendtleg retorikk mot norske bedrifter og bedriftseigarar, som saman med sine tilsette jobbar beinhardt kvar einaste dag for å skape verdiar og utvikle stadane dei bur på. Kven har lyst til å bli og bygge framtida når ein får beskjed av dei som styrer landet om å "ryke og reise"?\n\nDet Statsministeren sa i sitt svar var for så vidt greitt nok. Det er berre eitt ørlite problem: Han svarte ikkje på spørsmålet, og ser ikkje ut til å forstå den kvardagen som finst ute på grasrota i næringslivs-Noreg. Sjekk sjølv!

Postet:
2023-03-22 17:32:44