Innlegg:
Dette vart ei sak som fekk både eit rett og fornuftig resultat👍\n\nAt ein 6 åring sitt fyrste møte med kommunen og fylkeskommunalt vanvittig byråkrati er rett og slett ei skam.\n\nBåde Sykkylven kommune og Fylkeskommunen står igjen som rett og slett useriøse og har håndtert saka ang skukeskyss til 6 åringen i Sykkylven på ein uverdig måte.\n\nTakket være ein standhaftige far som nekta å gje seg og hjelp han har fått, sigra fornuften hos Statsforvaltaren, som altså bekrefta at 6 åringen ikkje fekk eit forsvarleg skuleskyss tilbod.\n\nDet høyrer med til historia at til dømes eg fekk kritikk frå raud/grøne politikarar/tilhengarar fordi eg brakte denne saka til Stortinget og spørsmålet til Statsråd Brenna som avdekka at både Sykkylven kommune og fylkeskommunen braut lova, og hadde alt ansvar i denne saka.\n\nKanskje heller den SP styrte Sykkylven kommune burde gå litt i seg sjølv, og begynne å bry seg om sine eigne innbyggjarar, ein 6 åring i dette tilfellet.\n\nEg er glad for at eg gjorde det eg kunne for å hjelpe til i denne saka her, dette er ei av oppgåvene mine som folkevalgt uansett nivå, å engasjere meg i store som små saker.\n\nMen, mest av alt skal Petter Lyshol jr være stolt av seg sjølv for å aldri gje opp for sønnen sin 👍❤️
Postet:
2023-03-21 07:28:04
Delt innhold:
(+) Christer (6) grudde seg til skulen – fekk gladmelding
Statsforvaltaren meiner at skuleskyssen til Christer (6) ikkje har vore forsvarleg.