Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Stappfullt hus i Atlanterhavsparken i Ålesund i kveld på oppstartsmøte for «Aksjon for norsk eierskap», starta opp av dei sunnmørske industri- og samfunnsbyggarane Knut Flakk og Roger Hofseth.\n\nFor medan den nye SV-leiaren ber næringslivs-leiarar ryke og reise, så har Knut Flakk og Roger Hofseth tenkt å bli – for å skape verdiar, arbeidsplassar og ny grøn teknologi i distrikts-Noreg. Men då må norsk skattepolitikk endrast. Vi kan ikkje lenger straffe alle dei som satsar på å bygge bedrifter i Noreg med stadig høgare særnorske skattar som utanlandske eigarar slepp. I dag blir bedriftene tappa for stadig meir pengar som rett og slett ikkje finst på nokon bankkonto, men som er «låst inne» i maskiner, bygg og teknologiutvikling – og no i stadig raskare tempo må tømmast frå bedriftene for å ende på ein overfylt statleg konto.\n\nEg og Venstre helsar velkomen aksjonen sunnmøringane no dreg i gang. Det handlar om framtida til alle dei lokalt eigde bedriftene som har skapt vekst og utvikling på små og store stader over heile landet. Og det handlar om at vi lever i ei verd der diktatur som Kina satsar strategisk på å kjøpe opp verdiar og bedrifter i vestlege land, og her i Noreg på toppen av alt blir belønna skattemessig for det på bekosting av norske eigarar – som det einaste land i verda.\n\nGnistrande gode innlegg i kveld frå m a to nordfjordingar: Elisabeth Holvik i Sparebank1-gruppa og Tor Øyvind Aa i Brødrene Aa, i tillegg til Flakk og Hofseth sjølve. Også veldig hyggeleg omsider å få møte Hilde Midthjell, som har røtene sine på Midthjell i Eid, har bygd ei milliardformue heilt frå grunnen av frå 1980-talet fram til i dag (m a Dale of Norway) – og no brukar all tid på å hjelpe nye bedrifter fram i Noreg og å hjelpe kvinner i fattige land til å bli økonomisk uavhenige gjennom stiftinga Partnership for Change.

Postet:
2023-03-20 21:26:26

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post