Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
La geitene i Sogn leve - vi treng fleire geiter i utmarka, ikkje færre!\n \nMange har dei siste dagane engasjert seg i saka om at staten vil slakte ned ein stor flokk villgeiter i fjella i Sogn, ein flokk som har levd forvilla i naturen i over 70 år.\n \nMitt syn er klart, og kjem fram i denne NRK-saka: Planen om å slakte ned geitene er misforstått dyrevern, og heilt feil ressursbruk av eit Mattilsyn som har uendeleg mange viktigare oppgåver å styre med.\n\nVillgeitene i Sognefjella har klart seg sjølve i årtier. La dei få halde fram med det utan at vi menneske plutseleg skal inn og drepe dei - dyr som attpåtil er ved god helse. Dersom ein er redde for innavl på sikt, bør det vere ei mykje betre løysing å tilføre genetisk variasjon utanfrå frå andre villgeit-flokkar - men dette har uansett ingen brennhast.\n\nHonnør til Stortingskollega Olve Grotle som har løfta saka inn som spørsmål til Landbruksministeren. E trur og håpar at også statsråd Sandra Borch deler synet til Olve, meg, 9000 medlemmer i Facebook-gruppa La villgeitene i Sogn få leve og svært mange andre. \n \n

Postet:
2023-03-19 21:39:57

Delt innhold:
«Villgeitene» frå Sogn som Mattilsynet vil skyte blir sak i Stortinget: – Mange er opprørte
Det kokar av engasjement for «villgeitene» i Sogn. Samtidig aukar protestane mot Mattilsynet som meiner flokken må skytast. No blir striden tema i Stortinget.