Person / Aktør:
Samferdselsdepartementet (Norge)
Samferdselsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Flyr du ofte langs kysten? 🛫\nFrå neste år vert det både billegare, og rutetilbodet blir betre. \n\n- Dei regionale flyrutene er eit viktig transporttilbod i distrikta. Derfor skal vi no halvere prisen på dei dyraste billettane på FOT-rutene, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.\n\n- Det er viktig for denne regjeringa å gjere det enklare og billigare å reise langs kysten vår. Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.\n\nFrå 1. april 2024 vert det:\n\n✈ Lågare billettprisar og auka setekapasitet\n✈ Betre tilgjengelegheit frå Helgeland og nordover\n✈ Endra rutestruktur og ny FOT-rute i Finnmark og Nord-Troms\n✈ Krav til nattparkering ved Røros lufthamn\n✈ Flyruta Stord–Oslo vert teken inn i FOT-ordninga\n✈ Kapasitetskrav på helikopterruta Værøy–Bodø \n\nDu finn fleire detaljar i denne pressemeldinga 👇\n

Postet:
2023-03-15 12:42:11

Delt innhold:
Regjeringa vil redusere billettprisane og styrke rutetilbodet på FOT-rutene
- Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta. Derfor har regjeringa vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i dei komande FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024, seier samferdselsminister Jon-Ivar N...