Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
"Det er beinhardt å drive familiebedrift i Noreg. Eg unner ikkje barna våre å stå i den same belastninga som vi står i no." Det seier dagleg leiar Gerda Fuglerud i Oleana, og ho er ikkje aleine. Familieeigde bedrifter som Oleana er ryggraden i svært mange lokalsamfunn på Vestlandet og i landet elles. \n\nDei er no under stadig sterkare press. Frå ei regjering som heia fram av støttepartiet SV enten ikkje forstår korleis Vestlands-næringslivet er skrudd saman – eller ikkje synst det er så viktig om lokalt eigde bedrifter legg ned eller blir selde ut av landet. \n\nEg og Venstre er på lag med Oleana og Vestlands-næringslivet. No har eg stilt følgande spørsmål til Næringsministeren: \n"Tekstilbedrifta Oleana i Bergen ropar i Bergens Tidende 10/3 varsku på vegne av dei familie-eigde bedriftene i Noreg. Stadig fleire slike bedrifter blir no selde ut av landet på grunn av stadig auka skattar på norsk eigarskap som bedrifter med utanlandske eigarar slepp - kombinert med svært høge straumutgifter utan at det er på plass straumstøtteordningar som treff. Kva vil næringsministeren gjere med at norsk privat eigarskap i bedrifter landet rundt blir stadig meir svekka grunna regjeringa og SV sin skattepolitikk?" \nVestland Venstre NHO Vestlandet Bergen Næringsråd

Postet:
2023-03-14 12:52:18

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post