Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:
Torsdag 10 mars hadde vi debatt i Stortinget om Dok 8 40S (2022- 2023) Om ein ny skogpolitikk 🌲🌱🪵🍃\n\nEg skulle helst sett nokre av SV sine forslag kunne fått fleirtal, forslag med krav om : \n- næringsuavhengige miljøregistreringer i skog\n- stans i flatehogst av gamle naturskoger inntil målet om 10% vern er nådd. \n- ei ordning der hogst må søkjast om og godkjennast før hogging, så ikkje verdfulle og sårbare artar og livsmiljø i skogen går tapt for alltid. \n\nMen det var ikkje heilt fånyttes å løfte saka i og med dette mindretallsforslaget frå H, V og MDG som SV støtter subsidiært no vil få fleirtal: \n\nStortinget ber regjeringen om å gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringene har tilstrekkelig kvalitet. \n\nEg fremja sak Dok8:40S( 2022-2023) Om ny skogpolitikk saman med #HildeMarieGaebpieDanielsen fordi nesten 50% av raudlista arter har sitt livsmiljø i skogen og at mykje av den gamle naturskogen og dermed artane er trua av flatehogst. \n\nNRK har sendt ein serie dokumentarer om skog \n\nhttps://www.nrk.no/klima/xl/varslet-om-oversette-miljoverdier-i-skog_-nrk-dro-for-a-sjekke-1.16146542 \n\nDet er svært viktig at miljøregistrering i skog (MiS)blir gjort slik det skal gjerast for at skogeigarane skal oppfylle lovkrava som dei er forplikta på. \n\n#Naturvernforbundet #WWF , har gjort ein stor jobb med å få løfta skogvernet og få skjerpa krava til kvaliteten i miljøregistreringane i skogen. Eg meiner at NRK dokumentarane og naturvernorganisasjonene syner at forvaltninga av skog som har særs store miljøverdier må sljerpast inn. \n\nhttps://www.nrk.no/klima/xl/varslet-om-oversette-miljoverdier-i-skog_-nrk-dro-for-a-sjekke-1.16146542\n\nTakk til #ArneNævra og skogkjennar og fagmann #GjermundAndersen for innspel og samarbeid med å løfte Om ny skogpolitikk i Stortinget.

Emneknagger:

Postet:
2023-03-12 02:05:19

Delt innhold:
Photos from Birgit Oline Kjerstad på Tinget's post