Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Kampen for ein styrka matproduksjon i Noreg er viktig. Det skaper arbeidsplassar, bidreg til busetnad i heile landet, er bra for helse og miljø og ikkje minst er det ein viktig del av beredskapen vår. \n\nDå er føresetnadane ein legg til grunn for politikken særs viktig. Den førre regjeringa laga, etter vedtak i Stortinget, mange utgreiingar om mat og beredskap. Problemet var at dei la som føresetnad for utgreiingane at det kom til å gå bra. Stopp i handelen med mat, atomkrig, okkupasjon og lange periodar med tørke var så utenkeleg at ein ikkje tok omsyn til det. \n\nEin pandemi og ein okkupasjon seinare står no me med ansvaret for å rydda opp. Totalberedskapskommisjonen - som H, Frp, V og KrF - sa nei til er no inne i sluttfasen. Dei vil truleg gje oss viktige svar på både matberedskap og anna beredskap. \n\nMedan me no ventar på beredskapskommisjonen er me godt i gang med å skjerpa jordvern, etablera beredskapslager for korn og auka matproduksjon. Den ubehagelege sanninga som Erna Solberg ikkje ville sjå - er no synleg for alle. \n \nAuka sjølvforsyning og eit landbruk i heile landet er ikkje enkelt å få til. Skal me greia det så krev det eit godt samarbeid mellom næringa, myndigheiter og folk i Noreg. Aller viktigast er det at me er samde om at me har eit problem me må løysa.

Postet:
2023-03-11 12:52:12

Delt innhold: