Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Kampen for kvinners rettar må kjempast av alle - til alle tider. \n\nFrå Frederikke Marie Qvam og dei andre pionerane som kjempa gjennom kvinneleg røysterett på slutten av 1800-talet - fram til i dag, kor eg i dag har vore med saman med andre Venstre-representantar på Stortinget å legge fram forslag om å grunnlovsfeste norske kvinners rett til sjølvbestemt abort. Det er ein rett som har blitt kjempa fram av modige føregangskvinner- og menn, men som i dag er under press i mange land. Måtte det aldri skje i vårt land.\n\nOg så har eg vore så heldig å få lov å halde appell på Norsk Kommunalteknisk Forening og Samfunnsbedriftene si markering av Kvinnedagen her i Oslo. Her kan du lese min appell på Kvinnedagen - gratulerer med dagen til alle! \n\n---\nAppell på Norges Kommunaltekniske forening og Samfunnsbedriftene si markering av Kvinnedagen 8. mars 2023\n\nAlfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre\n\nTakk for invitasjonen, og gratulerer med dagen! \n\nEg er glad og stolt over å få vere med her i dag, fordi kvinnekamp ikkje er kvinners kamp åleine. Det er alles kamp.\n\n• For når vi veit at kvinnehelse systematisk blir nedprioritert i det norske helsevesenet – så er det ikkje berre eit problem for norske kvinner. Det er noko alle – også menn – må sørge for å endre. \n\n• Når vi veit at én av fem norske kvinner har blitt voldtatt og at én av ti har blitt utsatt for alvorlig partnervold – og at fleire unge kvinner enn før seier at dei har blitt utsett for valdtekt – så er ikkje det eit «kvinneproblem» - det er først og fremst menn som kan og må sørge for at vi får slutt på det. \n\n• Når vi veit at det stadig kjem opp nye, alvorlige varslersaker om seksuell trakassering og overgrep mot kvinner i ein mannsbastion som Forsvaret, og at heile 63 prosent av kvinner under 30 i Forsvaret har opplevd seksuell trakassering, så handlar det ikkje berre om ein ukultur som rammar kvinner: Det dreiar seg om straffbare handlingar som no må få konsekvensar.\n\n• Når vi veit at kvinnelege politikarar, også lokalpolitikarar, blir utsett for meir netthets enn menn – og at det enno er færre kvinnelege ordførarar og lokale folkevalde enn menn – så er det eit problem for heile samfunnet. \n\nOg alle desse døma – dei er frå vårt land – eitt av verdas mest likestilte land. Løftar vi blikket ut i verda, er situasjonen i mange land langt verre:\n• I USA blir kvinners rett til sjølvbestemt abort sett til side av gamle menn i domstolane - noko vi trudde var utenkeleg berre få år tilbake. \n• I Iran risikerer kvinner livet ved å klippe håret og seie nei til påtvungen hijab – og stå opp for sine grunnleggande menneskerettar. \n• I Afghanistan har Taliban på nytt tatt kvelartak på kvinners og jenters rettar. Dei får ikkje gå på skule, dei får ikkje ha ein jobb og dei må gå med burka på offentlege stader.\n\nSlik kunne vi halde fram – og poenget er det same: Det er uakseptabelt – det må ta slutt – vi må gjere opprør. Og det kan ikkje vere kvinner som gjer det åleine. \n\nKvinnekamp er ALLES kamp – det er menn sitt ansvar like mykje som kvinner å løfte desse kampane, å stå i dei, og ta oppgjer og endre eit kjønnsdiskriminerande samfunn. Det handlar om at alle – uansett kjønn, uansett seksuell legning, uansett økonomi og sosial status – skal kunne leve frie og trygge liv. \n\nDifor er 8. mars viktig – og difor er eg glad og stolt over å kunne stå her som mann saman med dykk i dag. \n\nOg difor er eg også medforslagsstillar saman med andre kvinnelege og mannlege stortingsrepresentantar frå Venstre på eit forslag Venstre har levert inn i Stortinget i dag på Kvinnedagen: Å grunnlovsfeste retten til sjølvbestemt abort. Fordi røynslene frå USA, Polen og Ungarn syner oss med skremmande alvor at ingen rettar eller fridomar er freda for alltid. I følge Amnesty dør 22 000 kvinner kvart år på grunn av usikre abortar. Norske kvinner må aldri – aldri - bli ein del av den statistikken.\n\nKva så med kvardagen i kommune-Noreg? Er «kvinnekampen vunnen» i kommune-Noreg – viss vi ser vekk frå kvinneunderskot i lokalpolitikken? For kommunesektoren er jo ein «kvinnedominert» sektor. Fleire kvinner enn menn jobbar i kommunane. Det er ei samfunnsområde med mange kvinnelege leiarar – og vi har også statistikk som syner at unge kvinner i kommune-Noreg tener betre enn «kommunale menn» på same alder. \n\nMitt svar på det – om kvinnekampen er vunnen i kommune-Noreg - er dessverre nei. \n\nDet er eg 100% sikker på etter ti år som ordførar i ein ganske vanleg norsk kommune – til og med ein kommune som er ganske tungt «kvinnestyrt» med kvinneleg kommunedirektør, overvekt kvinner i leiargruppa og eit kommunestyre med like mange kvinner som menn. \n\nLa meg få peike på i alle fall tre grunnar til kvifor Kvinnekamp framleis er viktig i kommune-kvardagen landet rundt:\n\n1) Kommune-Noreg ER ikkje likestilt. Vi har enno ikkje eit likestilt arbeidsliv – heller ikkje i kommune-Noreg. Unge kvinner tener meir – ja. Men etter som tida går, endrar det seg. Mennene stig raskare i hierarkiet, og passerer kvinnene i lønn etter fylte 30 – og mannsdominerte yrke i kommunesektoren har jamnt over høgare løn og status enn kvinnedominerte yrke. \n\nVi har heller ikkje ein heiltidskultur i kommune-Noreg – og det går ut over kvinner. Det handlar om holdningar – det handlar om at menn av og til må gjere aktive val om å sleppe kvinner til, for eksempel med å ta ut meir permisjon og vere heime med sjuke born. Og det handlar om politikk. Når kommunene ikke har kapasitet til meir enn eitt årleg barnehageopptak, så går kvinner heime i tvungen, uløna permisjon. For kvinna tener jamnt over mindre enn mannen, så då taper familien minst på at kvinna blir heime i perioden mellom at foreldrepengane går ut og barnet har barnehageplass i august. Det taper kvinner inntekt, sjukepenge- og pensjonsrettar på – i tillegg til karrieremessig progresjon.\n\nJa, kommunane – med alle sine hundretusenvis av tilsette og mangfald av yrke - er på mange måtar «frontlinja» i å skape eit reelt likestilt arbeidsliv i Noreg.\n\n2) Kommunen = lokalsamfunnet. Ein kommune er ikkje berre ein arbeidsplass. Det er sjølve grunnmuren i eit kvart lokalsamfunn. Når så mykje av kvinnediskrimineringa i Noreg skjer «i det skjulte», og gjennom uformelle strukturar heilt frå barndommen av – så er det ingen som er i betre posisjon til å endre samfunnet nedanfrå – og hjelpe kvinner som blir utsett for overgrep eller diskriminert på andre måtar - enn dei kommunale tenestene. I barnehagane. I skulane. I helsestasjonane. I dei kommunale lågterskel helsetenestene. I arbeidet med integrering av flyktningar. \n\nKlarer vi å «nå gjennom» her – å fange opp diskriminering og overgrep mot jenter og kvinner tidleg og gje dei og familiane deira hjelpa dei treng – arbeide systematisk med haldningar og bevisstgjering – så er mykje gjort for framtida. \n\n3) Distrikts-Noreg si framtid krev ein «kjønnsrevolusjon» på bygda. \nTilbake i 2015 skreiv journalisten Maria Dyrhol Sandvik ein fantastisk tekst med tittel «Men livmora mi får du aldri», som dessverre ikkje har gått ut på dato i 2023.\n\nTemaet er det som har blitt kalla «utkantjentenes stille revolusjon»: Bygdejenter som flyttar til storbyen for å ta utdanning, og kvifor så mange av dei vel å bli verande der. Medan mannlege næringssjefar og ordførarar på bygda vil at dei skal kome heim – for å «pynte på fødselsstatistikken».\n\nFor kvifor kjem ikkje kvinnene tilbake til Bygde-Noreg – her vi har det så bra? Og i alle fall under denne regjeringa – som skal lage endå fleire små kommuner, endå fleire små politistasjonar, endå fleire små domstolar og endå fleire små skular? \n\nMaria Dyrhol Sandvik sitt hovudpoeng er at vi må slutte om å snakke om at kvinnene skal kome for å «berge bygda» – for å føde ungar og rette opp kjønnsbalansen.\n\nOg at då handlar det ikkje først og fremst (i alle fall ikkje berre) om flyplass, vegar og industriområde – men om haldningar. Om lokalsamfunn der menn set premissane og styrer kva som er viktig – men også om haldningar blant kvinner i dei eldre generasjonane. Ho brukar omgrepet «kjerringkultur» – dei godt vaksne kvinnene som står last og brast med godt vaksne menn og er skeptiske til motiva til unge kvinner som er modige nok til å gjere opprør mot ein innarbeidd kultur i ein organisasjon/ eit lokalsamfunn. Ingen nemnd, ingen gløymt. \n\nFor skal distrikts-Noreg bløme i framtida, må mange lokalsamfunn våge å utfordre seg sjølve sterkare på likestilling. Vi må forstå at framtida ikkje ligg berre i dei godt vaksne mennene som tek plass i rommet og «må no få lov å vere seg sjølv, for dei er jo så flinke» – uansett korleis dei blir opplevd av neste generasjon kvinner. \nKyrkjegarden er full av uerstattelege menn – og av kvinner som aldri har fått høve til å leve ut sitt potensial fordi ein mann sto i vegen.\n\nOg dei tankane og perspektiva som då kjem inn, handlar forbløffande ofte nettopp dei endringane som heile samfunnet vårt må gjennom i åra framover – og som gjer at mange unge både kvinner og menn vel å leve eit liv i ein større by som er komen lenger på desse områda. Om at berekraft og klimaomstilling må høgare på dagsorden. Om å skape eit meir mangfaldig kultur- og fritidstilbod – langt utover fotball, ski og jakt. Om opne lokalsamfunn med rom for å skilje seg ut og gjere andre livsval enn det tradisjonelt vanlege. Om å skape større og meir samla arbeidsmiljø der du kan jobbe og utvikle deg i lag med andre – ikkje sitje «kvar mann på si tue». \n\nOm å tore endring – fordi det som har vore godt nok før, ikkje nødvendigvis er det beste i framtida. \n\nOg eg trur mange av de som er her i dag, er nettopp slike «endringsagentar» - i og for kommune-Noreg. Det trengs. For dykkar del, for min og andre godt vanske menn sin del, og for alles del. \n\nSå stå på vidare i kampen for eit betre samfunn. Snakk høgare, ikkje lågare om kva som ikkje er godt nok i norske kommuner og lokalsamfunn i dag – og gratulerer til oss alle med Kvinnedagen 2023.

Postet:
2023-03-08 17:18:04

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post