Person / Aktør:
Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Parti: H

Innlegg:
Lærdalstunell og utsleppsfrie verdsarvfjordar var tema då Olve Grotle og eg traff lokale ordførarkandidatar og fylkestingskandidat Noralv Distad til samtalar og politisk verkstad i går og i dag.\nFør utbetring av Lærdalstunellen må konsekvensar av stenging grundig konsekvensutgreiast- kva føljer får dei forskjellige alternativa for bu og arbeidsmarknad, næringsliv og varetransport?\nOg korleis skal vi oppretthalde Flåm som ei av verdas mest spektakulære cruisedestinasjonar etter 2026 når vi samstundes ønsker null- utslepp i verdsarvfjordane våre?\nOm regjeringa kjenner si besøkelsestid får vi det til💪

Postet:
2023-02-24 16:24:45

Delt innhold:
Photos from Liv Kari Eskeland's post