Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
❗ Visste du at det finst ei nettside der unge kan spørje om alt dei lurar på, frå venskap, psykiske vanskar, alkohol og til kropp og seksualitet? \n \n👉🏿 Ung.no skal tilby ungdom informasjon og rettleiing som skal sette ein stand til å ta gode val. \n \nNettsida er det offentlege sin informasjonskanal for ungdom. Det er Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) som driv sida og som samarbeider med mange andre offentlege etatar og tenester. \n \nSamordna opptak, Alarmtelefonen for barn og unge, Antirasistisk Senter og Pasient- og brukarombodet er nokre av dei som svarer på spørsmål. \n \n👩🏽‍⚕️ Blant fagfolka som svarer på helsespørsmål er det helsesjukepleiarar, psykologar, jordmødrer, sexologar og tannlegar. Men også ungdomsjournalistar svarer på spørsmål om venskap og andre ting som ungdom sjølv er best til å svare på.\n\n➡ https://www.regjeringen.no/id2963236/

Postet:
2023-02-28 08:00:00

Delt innhold:
Nettside for ungdommar