Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Bøndene føler seg trakassert av Mattilsynet... Inspektørane meiner det var kjempestemning under tilsynet... Eg var ikkje der - så eg veit ikkje kva som skjedde. Men eg trur ikkje at Trygve og Solveig lyg når dei fortel om opplevinga. Eg kjenner ikkje inspektøren (dyrevernnemda) - men eg ser i intervjuet at trua på eigen fortreffelighet ligg på utsida av han. Til ein viss grad kan folk ha ulik oppleving av same hending - men det får vera ei grensa. Dette er ikkje ein situasjon verken Mattilsyn eller bøndene kan leva med. Bøndene treng eit effektivt og godt Mattilsyn. Mattilsynet treng å ha tillit hos bøndene. Eg er heilt sikker på at og Mattilsynet sine tilsette opplever urimeleg adferd. Mattilsynet er likevel den sterke part i dette og må ta første steg for å bygge opp att den tilliten som er naudsynt. Regjeringa (og KrF) har og eit ansvar når dei både kuttar i budsjetta til Mattilsynet og forventar auka aktivitet. Dei må ta utgangspunkt i at dei har ei felles oppgåve: Verdas beste dyrevelferd. Folkeskikk, respekt og tid til dialog er sjølvsagt. Tilsyn og vedtak åleine skaper berre dårlege tilhøve for folk og dyr.

Postet:
2018-05-01 10:19:23

Delt innhold:
Mener Mattilsynet mangler folkeskikk
Kontrollørene som besøkte familien Mjåtveit i desember 2017, er ikke velkomne på gården mer.