Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Då Sp ville diskutera jordbruk i Stortinget før forhandlingane starta så meinte Høgre at det var «useriøst». Når eg no har synspunkt på staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane så er det «uryddig» seier KrF. Det som er rart er at KrF berre rettar kritikken mot opposisjonspartia. Statsråden, V og Frp har og vore ute og meint ting, men får ikkje kritikk. Eg meiner mat og jordbruk er så viktig at me skal diskutera det 365 dagar i året. Og eg er heilt trygg på at både staten og jordbruket sine forhandlarar er såpass røynde at dei ikkje vert vippa av pinnen av litt offentleg debatt. Og det er ikkje noko sjokk at Sp vil auka inntektsmoglegheitene til bøndene meir enn regjeringa. Mitt råd er: meir engasjement og mindre oppkonstruert formalia.

Postet:
2018-05-07 06:55:39