Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Noko som irriterer meg noko grenselaust er unødvendige reglar. Difor vart eg provosert då eg høyrde at ein dugnadsgjeng i Hjelmeland hadde fått melding frå Statens Vegvesen om at det var ulovleg å plukka søppel langs veg utan kurs, eksamen, dokumentasjon osb. 7 timar kurs for å plukke søppel langs veg. Det er ko-ko. Eg tok det difor opp med samferdselsministeren i eit skriftleg spørsmål. Eg har no fått svar. Han var langt på veg einig med meg og lova bot og betring. (det gjorde han også i fjor då saka og vart teken opp utan at det skjedde noko særleg) Men me får tru at det no er slik at om nokon vil ha ein søppeldugnad så er det no truleg berre å gå i gang. Husk vest, vett og votter (om det er kaldt).

Postet:
2018-05-11 10:50:42