Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Sidan krigen starta har ukrainske pasientar blitt transportert ut frå Polen via eit medisinsk knutepunkt. Kvar veke sidan i sommar har Noreg evakuert pasientar med ambulansefly både til Noreg og mange andre land i Europa, der dei kan få medisinsk hjelp. \n\nNoreg kan tilby denne transporten fordi Forsvaret har ein beredskapsavtale med SAS, og i samarbeid med dei regionale helseføretaka stiller Forsvaret helsepersonell tilgjengeleg til evakueringane.\n \nNoreg sin innsats er ein viktig del av det felleseuropeiske samarbeidet for å hjelpe Ukraina, og vi samarbeider tett med EU.\n \nLes meir om den medisinske evakueringa på link i bio 🔗

Postet:
2023-02-21 14:23:58