Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I helga har det vore fylkesårsmøte i Rogaland Sp. Nesten 200 personar brukte laurdagen og sundagen til å diskutera politikk. Politikk som påverkar kvardagen til oss alle. Dei aller fleste på møtet har ikkje politikk som jobb. Dei brukar fritida si til å jobbe med politikk. \n\nDet er både givande og rett - me som er folkevalgte på Stortinget skal måtte møte og svare til dei som har gitt oss oppgåva med å representera partiet. \n\nDet er ikkje berre Senterpartiet i Rogaland som hadde sitt fylkesårsmøte i helga. Det hadde og H, KrF, SV og Frp. Truleg har meir enn 1000 personar denne helga vore samla i ulike partier i fylket for å drøfte vegen vidare for Rogaland og Norge. \n\nMe snakkar om hjartet i det norske demokratiet. Det oppsiktsvekkjande er den lokale og regionale pressa si manglande interesse. Sikkert ikkje alt som er gull for politiske journalistar - men det er viktig for folk sin kvardag. \n\nFor nokre av oss er det behageleg at dei ikkje møter opp. Dei lager saker på informasjonen som me sjølv vel ut til dei. Om eg fekk kritikk av nokre av delegatane på årsmøtet så er det fint for både meg og partiet at den informasjonen ikkje kjem ut. \n\nOm eg fekk kritikk eller ikkje vil ingen få veta om, for dei som har jobben i samfunnet med å formidla det hadde noko anna å bruke ressursane og tida på. \n\nSamstundes veit eg at det er ei ressursknipe i mange aviser. Men dei kan om dei vil. Eit døme er den massive dekninga av om KrF sitt retningsval for nokre år sidan. \n\nDet verkar på meg og som avisene er meir opptekne av å ha eigne tilsette framfor kamera enn bak - der må me som partier og legge til rette slik at avisene kan underhalde med ein podkast eller ein kommentar om dei vil. \n\nDemokratiet er noko av det finaste me har. Demokrati er ikkje noko som pågår på Stortinget og i Regjering. Det pågår ute i landet og der har dei politiske partia ei sentral rolle. \n\nMi oppmoding til redaktørane er å drøfte om dei vala dei har gjort er rette? Ville dei i Aftenbladet og Haugesunds Avis våga å dekka ein Viking eller FKH-kamp ut frå eit tilsendt referat frå klubben i etterkant? \n\nEg meiner at dei som faktisk tek ansvar for demokratiet fortener betre enn å bli nedprioritert av den lokale og regionale pressa.

Postet:
2023-02-21 09:02:40

Delt innhold: