Person / Aktør:
Anne Beathe Tvinnereim
Anne Beathe Tvinnereim
Parti: SP

Innlegg:
Norsk utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades med den norske delegasjonen. Ho seier til NRK fleire av statsleiarane på konferansen er uroa for korleis Russland presenterer krigen i Afrika.\nDen russiske utanriksministeren, Sergei Lavrov, har vore på to turar til ei rekke afrikanske land den siste tida. Russland har både politiske og økonomiske interesser på kontinentet. – Vi opplev rett og slett no at det ikkje berre går føre seg ein krig på bakken i Ukraina, men også ein krig om historieforteljinga i Afrika. – Det går føre seg eit politisk spel der ute no, og det vekker djup bekymring i salen her i München.\nDei norske styresmaktene brukar «alle høver» til å fortelje sine kollegaar i afrikanske land at det russarane driv med er brot på folkeretten, fortel Tvinnereim vidare.

Postet:
2023-02-18 17:09:15

Delt innhold:
Polen: – Klare for å bidra med kampfly som del av eit større samarbeid
Polen ønsker å sende kampfly av typen MiG til Ukraina, men vil vere del av eit samarbeid. Storbritannia lovar no å støtte dei som kan.