Person / Aktør:
Barne- og familiedepartementet (Norge)
Barne- og familiedepartementet (Norge)

Innlegg:
Den digitale utviklinga har medført store endringar i korleis barn blir eksponert for reklame. Korleis blir barn påverka av dette og kva kan vi gjere for å vareta barns rettar i møte med kommersielle interesser? Dette var tema då barne- og familieminister Kjersti Toppe i dag inviterte til innspelsmøte i samband med regjeringas gjennomgang av barns forbrukarvern i digitale medium. Ulike organisasjonar, barneombodet og andre aktørar gav gode og viktige innspel til statsråden.\n\n– Reklamen som barn vert eksponert for, handlar ikkje berre om å få dei eller foreldra deira til å kjøpe noko. Det kan og handle om å få dei til å bruke tid, eller gi frå seg personopplysningar. Reklame kan få oss til å handle ting som er skadeleg for oss, som alkohol eller usunn mat. Reklamen kan og få oss til å tenkje dårleg om oss sjølve ved å skape kroppspress. Det skal barn vernast mot, seier Toppe.

Postet:
2023-02-17 14:02:51

Delt innhold:
Photos from Barne- og familiedepartementet (Norge)'s post