Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Landbruksministaren skuldar Sp for å driva «politisk spel» når me etterlysar konkrete økonomiske tiltak for bønder som er råka av tørkekrisa. Det er ikkje «politisk spel» å meine at Regjeringa burde gjort meir. Og Dale burde og registrera at eg støtta dei ti forslaga som no er føreslegne. Men eg har vore i posisjon sjølv og veit at utsegn om «politisk spel» er fristande å bruka når ein ikkje har noko godt svar.

Postet:
2018-07-24 15:26:07