Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
🌍 EU satsar 75 millionar euro på #folkehelse og har bedt Noreg om å leie arbeidet.\n\n– Det gir oss unike moglegheiter til å styrke vårt felles arbeid mot sjukdommar som kvart år har store kostnader for både samfunnet og enkeltindivid, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n\n🏥 EU vil sette i gong eit samarbeid mellom EU-medlemslanda, Noreg og Island om tiltak mot såkalla ikkje-smittsame sjukdommar som kreft, hjartesjukdom, lungesjukdom og diabetes.\n\nPå oppfordring frå EU har Noreg nyleg send eit forslag til korleis arbeidet skal bli gjort. Dersom EU godkjenner forslaget, vil Noreg leie den historiske satsinga på folkehelse🤍\n\n– Oppfordringa til Noreg om å ta på seg ei slik rolle, er ei anerkjenning av vårt folkehelsearbeid. Satsinga er godt nytt for folkehelsa, også for oss i Noreg, seier Kjerkol.\n\n

Emneknagger:

Postet:
2023-02-17 09:59:47

Delt innhold:
Norge vil lede an i europeiske folkehelsesamarbeid
EU satser 75 millioner euro på folkehelse og har bedt Norge om å lede arbeidet.