Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Ein bonde frå Voss leverte søknad om produksjonstilskot nokre timer etter at søknadsfristen hadde gått ut. Det fekk enorme økonomiske konsekvenser for bonden. 200 000 kroner kosta det han. Landbruksministeren vil ikkje gripe inn og endra dette. Her er konsekvensane om du gløymer på andre områder: -Leverer du årsregnskap til Brønnøysundsregisteret for seint må du betale 1130 kroner per uke. -Har du glemt å betale faktura til ei private bedrift kan dei kreve 70 kroner i gebyr - men ikke før det er gått 14 dager over forfall. -Har du gløymd å levera ei bok hos Deichman må du betale 100 kroner om du leverer ti dager for sent. -Har du gløymd å betale avdrag på studielån må du ut med 280 kroner. -Er du statsråd og ikkje svarer stortinget i tide på skriftlig spørsmål har det ingen konsekvens. Det er heilt utruleg at landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) forsvarer at ein enkeltperson skal tape 200 000 kroner på å levere nokre timer for seint. Eg skulle ikkje ha sagt noko om staten sjølv aldri gjer feil. Det gjer dei og det får minimale konsekvensar. Eg, du, bonden på Voss, Bård og staten vil og i framtida gjera feil. Eg er oppteken av at me må setja folk framfor system. Landbruksminister Bård Hoksrud kan rydda opp i dette. Det tek han eit minutt. Den Bård Hoksrud som eg kjenner ville ha gjort det. Den Bård Hoksrud som no er blitt statsråd er ikkje til å kjenna igjen. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=73087

Postet:
2018-09-07 08:20:14

Delt innhold:
Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren
Vil statsråden setje folk framfor system og ta i bruk eit meir menneskevennleg sanksjonssystem ved for sein levering av søknad om produksjonstilskot?