Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Senterpartiet står på for at me også i framtida skal ha norske sjøfolk. Norske sjøfolk er skroget for heile den maritime næringa i Noreg. Denne veka har eg vore i København saman med Sjømannsforbundet for å møte ulike aktørar og snakka for at me og i framtida skal ha nordiske sjøfolk på ferjene i Norden. Regjeringa vil lempe på desse reglane og åpne for at Color Line kan bytta ut hundrevis av nordmenn på sine skip med billeg utanlandsk arbeidskraft. Om KrF gjer regjeringa støtte til dette - fryktar eg og Sp at dei andre nordiske landa vil/må svekke sine reglar. Då trur eg me vil få ei utvikling der tusenvis av nordiske sjøfolk vert bytta ut. Det står eit skikkeleg sjøslag i Stortinget i haust. Eg kan lova at Sp skal kjempe for at vi og i framtida har norske sjøfolk. Turen til København ga ny kunnskap som styrker Senterpartiet og sjøfolka sin sak.

Postet:
2018-09-08 08:08:38

Delt innhold:
– Om Color Line får flagge om til NIS, må vi også vurdere vårt flagg
Denne uttalelsen fra DFDS bekrefter at tusenvis av nordiske sjøfolk står i fare for å bli erstattet med billigere arbeidskraft, mener leder for næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp).