Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
I morgon tidleg er det eit skjebnemøte om bompenger Nord-Jæren hos samferdselsministeren. Som eg venta er ikkje den nye statsråden så fastlåst på å kjøre hardt på vedtatt opplegg som den avgåtte statsråden var. Eg meiner det kan vera lurt å utsetja den varsla bomringen til 1. januar 2019 slik at ein kan få avklart situasjonen politisk før bomringen vert sett i verk. Det er truleg ingenting som hindrer samferdselsministeren å utsetja bomringen om ein lokalt ynskjer det. I morgen kjem også Sp-leiaren til Rogaland. Bomringen vert også eit tema på hans besøk.

Postet:
2018-09-09 17:53:20

Delt innhold:
Presseinvitasjon: Møte om bompengeinnkrevjing på Nord-Jæren i Samferdselsdepartementet mandag 10.09 kl. 10.00
Som følge av den uklare situasjonen som har oppstått rundt bompengeinnkrevjinga på Nord-Jæren, har samferdselsminister Jon Georg Dalen invitert styringsgruppa for Byvekstavtale Nord-Jæren til eit møte i Samferdselsdepartementet måndag 10.9. kl 10.