Innlegg:
Denne veka har høgdepunkta vore å få treffa på Zelenskiy og å besøka NATO ✨\n\nDet er ikkje tvil om at det er store spenningar i Europa og verda. Førebuingar og å gå i beredskap er viktig for alle landa nå. Samtidig må me bidra og støtta Ukraina som kjemper for sitt eige land og sin fridom, men òg for oss. For demokratiske verdier, og ei framtid utan diktatoriske leiarar som trur at dei vinn på å invadera eit anna land. \n\nDenne veka har eg vore i byen bak «skjellsordet» Brussel. Ein by som innebeld både EU-institusjonar, EØS/EFTA-institusjonar og hovudkvarteret til NATO. EU er i stor grad i ei endring, og vrir seg meir over på sakar som helseberedskap, forsvar, diplomati og så vidare. \n\nEin studietur med mykje innhald, høgt tempo, store diskusjonar og mykje inntrykk. Godt det nå er helg!\n\nGod helg 🤩🙏
Postet:
2023-02-11 11:03:15