Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Nokon som hugsar den massive kritikken Solberg-regjeringa fekk før stortingsvalet frå AP og SP? Nokon som hugsar dette innlegget frå Jonas Gahr Støre? Kor bodskapen var at Norge var i ferd med å gå opp i liminga, at vi kunne vente oss gule vestar slik som i Frankrike, og at Solberg-regjeringa berre var sjølvtilfreds og peikte på at «alt går så det susar? \n\nNokon som hugsar at Støre skulle snu denne dramatiske negative utviklinga han meinte å sjå i Norge, til optimisme og framtidstru? At nå skulle det skulle bli slutt på sentralisering, kutt i kommuneøkonomien og slutt på å oversjå behova til distrikta, berre han blei statsminister? \n\nRegjeringa Støre skapte seg ei enorm fallhøgde med alle vallovnadene. Det er ikkje overraskande at regjering har hatt tilsvarande fall i oppslutning etter kvart som desse har fordufta. Når regjeringa - trass dei utfordrande tidene - likevel held fast ved valløfter som at det skal brukast fleire milliarder på reversering av fylkeskommunar og kommunar og andre reverseringstiltak, er det ikkje vanskeleg å forstå at oppslutninga er rekordlåg.

Postet:
2023-02-08 16:31:07

Delt innhold:
Når samfunnet går opp i limingen
Vi har ikke gule vester i norske gater ennå, men erfaringene fra Frankrike viser oss hvor galt det går når fellesskapet trekker seg tilbake. Og likhetene er synlige.